Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Pianofest-Konsert med Sigmund Skjeldrum Toppe, fredag, 13. nov. kl. 18.00


Velkommen til Pianofest-konsert i Haus Kyrkje.

Som ein del av Osterøy kulturskule sitt 50-års jubileum, inviterar me inn til festkonsert i Haus Kyrkje med konsertpianist Sigmund Skjeldrum Toppe på programmet. Konserten markerar også at me har fått på plass flygel i kyrkja, noko som er veldig stas. Du får nok også høyre ein og annan kulturskuleelev i aksjon.

Konserten er eit samarbeid mellom Osterøy kulturskule, Osterøy sokn og Haus kulturminnelag, og er gratis for alle. Det vert høve til å donere pengar til vidare flygelrestaurering. Me treng framleis midlar for å komme heilt i mål med dette arbeidet.

Vel møtt!

Tilbake