Tårnagentar 2023


TÅRNAGENTHELG i Hamre kyrkje laurdag 22.- og søndag 23.april

 

PÅMELDING TIL TÅRNAGENTHELG I HAMRE KYRKJE 

Inviterte: 2.klasse. Det er mogleg å delta, sjølv om ein ikkje høyrer til Hamre sokn. Andreklassingar frå Hamre sokn, som er medlemmer i kyrkja, får invitasjon i posten. Alle andreklassingar er velkomne til å delta.

Kva er ein tårnagent?

Tårnagentar utforskar hemmelege symbol, kyrkja, klokketårnet og Bibelen. På tårnagentsamling laurdag, får agentane vera med på gøye aktivitetar og spennande oppdrag. Tårnagentane får agentbevis, nøkkelband og tårnagentbuff. Søndag deltar agentane aktivt i familiegudstenesta.

Laurdag 22. april kl.12-15 er det samling for tårnagentar i Hamre kyrkje. Dei får utforska krikar og krokar i og rundt kyrkja. Søndag 23. april deltar tårnagentane på familiegudstenesta kl.11-12.

Nokre bilete frå TÅRNAGENTHELG SPESIAL (2020) ved Hamre kyrkje kan du sjå her:

Agent 002 utforskar klokketårnet.

Agent 006 brukar musklar!

Agent 013 sjekkar utsikta frå det øvste vindauget i klokketårnet.

 


 

 

Tilbake