Det er stas å få si eiga bok. Velkommen til samlingsstund og utdeling av 4-årsbok 27. september eller 4. oktober!
4-åringar er velkomne i kyrkjene våre for å motta gratis 4-årsbok!
4-årsboka består av to bøker; ei tekst- og songbok og ei arbeidsbok. Bøkene blir utdelt på ei gudsteneste. 1 time før gudstenesta blir bøkene presentert for 4-åringane i ei eiga samlingsstund. Samling før bokutdeling gjer barna tryggare og dei får meir utbytte av bøkene sine. Ein kan velja datoen og kyrkja som passar best.
Samlingsstund før gudstenesta: Song, skattejakt og arbeidsbok står på programmet. Etter gudstenesta kan 4-åringane få bli med opp i klokketårnet. Invitasjon kjem i posten. Av praktiske grunnar deler me ut 4-årsboka i to av kyrkjene våre i år. Me håpar det passar å møta i Hosanger- eller Gjerstad kyrkje.
4-åringar frå heile Osterøy er velkomne!
PÅMELDING KJEM HER!
Hosanger kyrkje: søndag 27. september kl.10-12
Gjerstad kyrkje: søndag 4. oktober kl. 10-12