Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Gravferd


Mange kjensler melder seg i møte med død og gravferd. Dei næraste pårørande får fleire praktiske, juridiske og økonomiske oppgåver dei må handtera. På kort tid skal ein velje seremoni, gravferdsform, og kor gravlegging skal finna stad.

Det vil som regel vere ei god løysing at ein startar med å ta kontakt med eit gravfedsbyrå. På Osterøy er det berre eit gravferdsbyrå (Revheim Gravferdshjelp), men i Arna og Bergen er det fleire å velje mellom.

Gravferdslova seier at det berre er ein person som kan vere ansvarleg for gravferda. Det er denne som avgjer om det skal vere kistegravlegging eller kremasjon, om kor gravlegginga skal føregå og om det skal vere kyrkjeleg seremoni eller ein annan. Gravferdslova seier at gravlegging skal skje med respekt for den avdøde sitt livssyn.

Det er Kyrkjeverja som har ansvaret for å finne ledig grav, utan omsyn til tru eller livssyn og sørger for den kyrkjelege gravferdsseremonien.

Gravferdslova kan du lese under fana "Gravplassforvalting"

Tilbake