På Osterøy feirar vi gudsteneste i ei eller to kyrkjer kvar søndag, med eit par unnatak. Om det ikkje er gudsteneste i den kyrkja du høyrer til, oppmodar vi deg til å ta turen til ei av dei andre kyrkjene. Gudstenestene finn du i kalendaren.
Vi har foreløpig ein prest og to organistar. Stein Hugo Fykse er sokneprest for Bruvik, Gjerstad og Haus sokn, medan vi manglar fast sokneprest for Hamre og Hosanger. I påvente på ny sokneprest i desse to sokna har vi inne vikarprestar. Kantor Ivar Mæland er tilsett i Bruvik, Gjerstad og Haus, medan organist Trent Bruner spelar mest i Hamre og Hosanger.