Omvisning i Hamre kyrkje


Hamre kyrkje er frå 1620-talet. Ho er ei av dei få tømmerkyrkjene vi har igjen her i landet. Kyrkja er open for omvisning, om ein tingar på førehand. Då vil ein få historia om kyrkja og om Hamre, som har vore kyrkjestad sidan 1024, då den første kyrkja blei reist her. Eit besøk her kan kombinerast med nokre av dei andre turistattraksjonane på Osterøy; Havråtunet, "Bullahuset" etter Ole Bull og Herlandsfossen kraftverk, for å nemne nokre. Velkomen hit!

 

Kontakt kyrkjekontoret for å tinga tid. Epost: kyrkje@osteroy.kommune.no eller  tlf.: 56 19 22 86 / 56 19 22 80.

Prisar pr pers (for 2020):
kr. 35.- (ved grupper på fleire enn 15 personar.
kr. 50.- (for mindre grupper).
Minste pris for ei omvising er kr. 400.-

 

Tilbake