Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


KRIK 2021


KRIK Osterøy - for heile familien!

KRIK Osterøy tilbyr varierte turar og friluftsaktivitetar for unge og vaksne. For superspreke, bedagelege, familiar, single og besteforeldre:

KRIK sine aktivitetar blir hovudsakleg utandørs heile hausten. Middagen tar me med oss ut og steiker på bål eller grill. Alle tar med seg det dei vil ha å eta.

Søndag 05.09.2021: Kick-start i klatreparken "Høyt & Lavt" på Nesttun kl.14-17. Grilling og klatring. 

Søndag 03.10.2021: 4-H-plassen på Hausberg m/tur til Stemmeseggi kl.14-17. Oppmøte kl.14 v/bedehuset på Votlo. Felleskjøring til Hausberg.

Søndag 07.11.2021: Husavatnet m/mogleg tur til Nonåsmasta eller rundt vatnet kl.14-17. Oppmøte: P-plass v/Osterøy vidaregåande skule.

Søndag 05.12.2021: Grilling, aking, frisbeegolf og/eller tur i området rundt Hamrenesvegen 120 kl.14-17. 

Kva driv KRIK på med?

Bål, toppturar, kanopadling, bogeskyting, klatring, turar i mørkret m/hovudlykt, andakt og song rundt leirbålet
Heile familien er velkommen til KRIK sine samlingar!

Følg med på Facebook: KRIK Osterøy

Tilbake