Hamre sokneråd


Soknerådet blei vald i september 2019, og har si funksjonstid frå 1.november 2019 til 31.oktober 2023. Rådet er sett saman slik:

Ann Carina Raknes, leiar. Tlf. 90772574. E-post: anncarinaraknes@yahoo.no
Åge Clausen, nestleiar. Tlf. 95801945. Epost: aacl@online.no
Roar Moen, medlem
Sigrun Raknes, medlem
Maria Sandal Vevle, medlem
Ann Kristin Mjelde Edvardsdal, medlem
Liv Skoglund, medlem. 
Ole Jan Aarvik, medlem

Soknet er ei kyrkjeadministrativ, geografisk og juridisk inndeling, og har sitt opphav nesten heilt attende til kristninga av Noreg. Heile landet er inndelt i sokn, og same struktur er brukt i store delar av Europa. Då ein skulle skipa til ei lokalforvalting ved å oppretta kommunar (1837) var det sokna ein bygde kommunane på. Sjølv om ein har hatt soknestruktur til langt bak i tid, og heile tida kyrkjeleg styring var sokneråda fyrst oppretta frå 1922. Dei har sidan då hatt noko ulike oppgåver, men sidan 1997 har dei nærast utelukka eit ansvar for det kristelege livet i soknet.

I tillegg til soknerådet opptrer også kyrkjeleg fellesråd, soknemøtet, bispedømeråd, sokneprest og biskop på vegne av soknet; alt etter kva oppgåver og mynde dei er gjeve i kyrkjelova. Soknerådet har mynde over alt som ikkje nokon av dei andre har mynde over, jfr. kyrkjelova §5. Saman med kyrkjeleg fellesråd utgjer soknerådet hovudtyngda av forvaltinga av soknet. Kyrkjeleg fellesråd syter for eigedom, bygg, anlegg og inventar, samt gravplassforvalting, arbeidsgjevaransvar og kommunal finansiering.

Kyrkjelova §9 presiserer at:

"Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet.

Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni innarbeides og utvikles i soknet.

Menighetsrådet avgjør om det skal tas opp offer eller foretas innsamling i kirken og forvalter de midler som blir samlet inn, bevilget eller gitt som gave til kristelig virksomhet i soknet, med mindre annet er fastsatt".

Dette er ei rettesnor for kva soknerådet skal arbeida med og ha si merksemd vendt mot.

Alle kyrkjemedlemmar som er busett i soknet, og er 15 år eller meir i valåret har kyrkjeleg røysterett, og kan røysta ved kyrkjeval. Alle kyrkjemedlemmar som er busett i soknet, og er 18 år eller meir i valåret er valbare og kan veljast til soknerådet.

No for tida jobbar Hamre sokneråd med kyrkjelydsutvikling som ei viktig sak for å fremje føremålet slik det står skreve ovanfor. Ei anna stor sak som er under førebuing er om ein skal slå seg saman med andre sokn, eller ikkje. I tillegg vert det arbeida med å få fram steinaltaret og 1000-årsjubileum i 2024.

 

 

Tilbake