Ny kantor tilsett på Osterøy


Ivar Mæland er tilsett som kantor etter at Baard Eikaas slutta. Han vil få mesteparten av tenesta si i Bruvik, Gjerstad og Haus. Han byrja 1.november. 

 

Ivar Mæland har både vore tilsett som kantor og undervist i orgelspel og kyrkjemusikk. Han tok utdanninga i Danmark og har vore tilsett i tre ulike kyrkjer der, før han kom tilbake til Norge. Her har han vore tilsett i Nidarosdomen, Fana kyrkje, Ytrebygda kyrkje og avsluttar no som kantor på Fedje. Han har undervist ved Trøndelag Musikkonservatorium (1978-1988) og ved Musikkvitenskapelig institutt på Trondheim universitet (1978-1988) og vore rektor ved Vestervig Kirkemusikkskole i Danmark i perioden 1997-2014. Dette er berre litt av Ivar Mæland si yrkeskarriere. Han kjem opprinneleg frå Bømlo. Vi gler oss til å bli kjend med han.

Tilbake