Eit stort 1000 års jubileum er berre under eitt år unna, og her er dei første detaljane om storhendinga.
Hamre sokn omfattar bygdene Hamre, Valestrand, Raknes og Hjellvik, og for 1000 år sidan omfatta det også blant anna Åsane, Knarvik og heilt ned til Sandviken. Hamre har vore kyrkjestad sidan 1024, då vi veit at det sto ei kyrkje her. Kyrkja som står i dag er frå omlag 1620 - 1640. Nokre meiner den blei reist endå tidlegare. I 2024 skal me feira 1000 års jubileum for Hamre kyrkjestad, og vi ynskjer å invitere alle til en heidundrande feiring!
Planlegginga er godt i gang, og me kan allereie røpe at det blir både føredrag, konsertar, jubileumsgudsteneste, og mykje meir! Temaa me har teke for oss er fortid, notid og framtid, som kjem til å bli gjenspegla i programpunkta. Jubileumshelga vil vere frå torsdag 23.mai til søndag 26.mai 2024 i Hamre kyrkje. Me har og ein Facebook side for arrangementet som du kan følgje med på for oppdateringar.
https://www.facebook.com/profile.php?id=100091398006034