Det blir ikkje bispevisitas på Osterøy 12., 13., 14. og 17. januar på grunn av smittevernreglane som gjeld dei første vekene i januar. Visitasen blir flytta til 4. - 9. mai. Ny oppdatert utgåve av visitasmeldinga kan du lese her. Programmet kan bli noko endra, for vi må få i stand nye avtaler med alle involverte.
I tre heile dagar skal biskop Halvor Nordhaug sette seg inn i det åndelege livet og korleis vi har det på Osterøy.
I løpet av desse dagane skal han møte tilsette, frivillige og kyrkjelydane i dei fem sokna. Han skal treffe representantar for kommunen, skulen og andre. Før han kjem er det utarbeidd ei visitasmelding. Den skal gje biskopen eit innblikk i stoda her. Heile meldinga kan du lese her.
Visitasmelding Osterøy 2021