Klovnane Tipp & Topp i Hosanger kyrkje


Fredag 12.november kl.18

 

Klovnane Tipp & Topp besøkjer Hosanger kyrkje igjen.

Når klovnane er på besøk, skjer det alltid noko gøy. Kva finn klovnane på denne gongen? Kan dei verkeleg trylla? Kvifor finn klovnane på så mykje tull?

Med hjelp frå alle barna, får vi nok svar på nokre spørsmål. Dessutan skal vi syngja så taket lettar. Vi vil også få høyra ei fin forteljing frå Bibelen. 

Pølsefest.

Heile familien er velkommen! 5-åringar er spesielt inviterte. Benkar blir reservert til dei som melder seg på.

Påmelding av smittevernomsyn: PÅMELDING OPNAR I OKTOBER

Pris: Frivillig kollekt/vipps

Tilbake