Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Soknepreststillingen for Hamre og Hosanger er lyst ut


Sokneråda i Hamre og Hosanger blei for kort tid sidan gjort kjend med at bispekontoret ville lyse ut soknepreststillingen. NY søknadsfrist er sett til utgangen av august.

Etter at Helle Maria Wolstad slutta i 2019 har vi ikkje hatt fast tilsett sokneprest i desse sokna.

Då Helle Maria reiste til Geilo, blei Børge Ryland sendt til Osterøy. Utpå hausten 2019 kom Jørgen Grimelid. Han blei verande, men ikkje i ein fast stilling.

Utlysinga kom overraskande på oss, men vi er glade for at Bjørgvin bipedømmeråd har vald å tilsetje ein prest i fast stilling. No er det tid for interesserte prestar å venda blikket mot Osterøy. Om ei stund vil vi kunne sjå søkjarlista på heimesida til Bjørgvin bispedøme. Ein fast tilsett prest kan vi truleg ta imot i løpet av sommaren eller rundt skulestart til hausten.

Tilbake