Påmelding til konfirmantåret 2021-2022


No kan du melde deg opp til konfirmantundervisning for skuleåret som kjem og konfirmasjon til våren 2022. Alle døypte, som er fødd i 2007 og busett på Osterøy får brev med invitasjon til konfirmantpåmelding i slutten av april. Ver raskt ute med å melde deg på.

 

Lenke til påmelding er her!

Vi vil ønskje deg velkomen til konfirmantåret, som startar opp i september. 

Konfirmantane møtes ein dag i månaden i den kyrkja dei sokner til. Nokon treff blir saman med konfirmanter frå nokon av dei andre kyrkjene på Osterøy.

Me bruker bibelen, har samtaler rundt forskjellige tema og finn ut kva det vil sei å tru på Jesus. I løpet av året blir konfirmantane kjent med gudstenesta og sakramenta som er dåp og nattverd.

På kvart konfirmanttreff bruker me kirkerommet, ber bøner, tenner lys og syng salmer.

 

Dersom du ikkje er døypt?

Er du likevel velkomen til å vere med i konfirmasjonstida, bli kjent med trua og velge om du vil døypes undervegs. For å bli konfirmert, må du bli døypt. Dette avtaler me undervegs i konfirmasjonsåret.

Konfirmantleir

Det er alltid ynskjeleg at konfirmantane får reise på leir, men då treng me

VAKSNE SOM KAN VERE MED!

Er det føresette som har lyst og anledning, eller kjenner andre som vil, ber me om at de melder dykk snarast slik at me kan planlegge leir.

Ein leir vil bli for alle konfirmantane på Osterøy.

Aktiv deltaking

Me veit at konfirmantane får mest ut av gudstenester der dei deltek aktivt sjølv. Konfirmantane er medhjelper på oppsette gudstenester og desse er obligatoriske. Utenom desse veldei sjølv gudstenester dei vil gå på slik at dei, før konfirmasjonsdagen, har vore på minst åtte tilsaman. Dei gudstenestene de vel sjølv kan òg vere i ei anna kyrkje. Då må dei få med seg underskrift frå presten der.

Hjelpe andre 

Diakoni er teneste og omsorg for andre. I fastetida vil konfirmantane vere med på Kirkens nødhjelps fasteaksjon.

Saman på Osterøy

Det er fint å vere konfirmant saman med fleire: Me vil legge opp nokon treff og gudstenester der me samler konfirmanter frå fleire av kyrkjene på Osterøy.

Tilbake