Både innanfor kyrkje og samfunn har det vore betydelege og djuptgripande strukturendringar, og kyrkja si posisjon har vore endra frå førande til å verta marginalisert. Noreg vert i dag, etter opphevinga av statskyrkja, rekna for å vera verdas fjerde mest sekulære stat. Fleire organisasjonsteoriar peikar på at organisasjonar må endra og tilpassa seg dei omgjevnadene dei skal operere i. Kva så med kyrkja på lokalnivået? Har den endra seg og tilpassa seg samtida? Eller er det berre omgjevnadene og vilkåra som har endra seg for kyrkjelyden?
Føremål, ansvar og oppgåver
Heilt sida opprettinga av sokneråda har dei hatt ei klårt og definert føremål, tilnærma bokstaveleg uendra sidan 1922. Sidan 1997 har ordlyden vore
«Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet».
Sjølv om det vert utdjupa i lova, er ikkje målet noko nytt frå 1922. Målet vart gjeve som ei oppgåve frå Meisteren sjølv: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alt som Gud har skapt!». Omgrepet ”kyrkjelyd” er bibelsk forankra, og knytt til fellesskapet i trua på den oppstandane og sigrande Kristus. I bibelen er heile kyrkjelyden og ein kvar kristen bror og syster gjort ansvarleg for å bringe evangeliet vidare, og bibelen skisserer til og med metodebruk og kva funksjonar ein kyrkjelyd må ha.
Føremålet gjer sokneråda, i rettsleg forstand, til eit åndeleg leiarskap for kyrkjelyden og kyrkjelydsarbeidet i soknet.
Det er lett å ta tak i dei praktiske oppgåvene knytt gudstenester, konfirmantførebuingar, innkjøp av lydanlegg og det å meine noko om kyrkjebygget og sommarslåtten fellesrådet skal syta for. Altså ting som fell utanfor soknerådet føremål. Hamre sokneråd har sidan februar 2017, og frametter hatt ei spennande periode der kyrkjelydsbygging og det å vera eit åndeleg leiarskap har vore eit stort gjennomgåande tema. Soknerådet har stilt seg sjølvransakande spørsmål, og fått analysert arbeidet sitt.
Sjølvransaking og analyse
I februar 2017 byrja Hamre sokneråd med å sjå på i kva grad soknerådet var eit leiarskap i kyrkjelyden, og i kva grad det arbeidde med det ansvar det etter verdsleg lovgjeving og Guds ord har. Resultatet var diverre ikkje opplyftande. Soknerådet gjekk metodisk til verks og nytta samfunnsvitskapleg metodikk og analyse slik at funna ville vere truverdige og haldbare. Alle dei 1869 sakene soknerådet har handsama i perioden 1982-2015 vart gått gjennom og kategorisert i tolv hovudkategoriar.
To prosent av sakene hamna i kategorien ”Tru, fellesskap, bibel, bøn og vedkjenning”, og to prosent av sakene hamna i kategorien ”Strategi, vokster og rekruttering”. Desse to kategoriane er dei to som best kan seiast å reflektere sokneråd og kyrkjelydar sine oppgåver og ansvar. Skjønt skal òg praktisk arbeid gjerast, men likevel syner det at soknerådet i perioden for det aller meste har hatt si merksemd vendt til det jordiske framfor det himmelske. At soknerådet ville finna eit slikt resultat var ikkje heilt overraskande (det var jo ein grunn til at soknerådet initierte prosessen), men at funna skulle vere så signifikante vart ei stor overrasking. Til gjengjeld tydeleggjorde det berre for soknerådet at det var på tide for å staka ut ein kurs.
At oppgåva er stor, at det er trong for hjelp utanfrå, og at soknerådet må arbeida metodisk vart klårt. Soknerådet tråla marknaden for kva ulike opplegg, metodar og program som finnast for kyrkjelydsbygging eller –utvikling. Soknerådet fann fire ulike organiserte program for slikt arbeid i Noreg, og fall ned på å gå inn i noko som heiter Naturlig menighetsutvikling (NAMU).
NAturlig MenighetsUtvikling (NAMU)
NAMU byggjer på ein verdsomspennande undersøking og funna i denne. Undersøkinga tok utgangspunkt i kyrkjelydar som har opplevd og opplever vokster. Den undersøkte kyrkjelydar med ulik teologisk forankring og profil, kyrkjelydar spreidd over heile jorda, og kyrkjelydar med både små, mellomstore og gigantiske medlemsmassar.
Undersøkinga fann åtte fellesnemnarar eller kvalitetsteikn for kyrkjelydar som veks uavhengig geografi, teologisk ståstad og storleik:
- utrustande leiarskap
- nådegåvebasert teneste
- engasjert trusliv
- hensiktsmessige strukturar
- inspirerande gudstenester
- livsnære grupper
- behovsorientert evangelisering
- varme relasjonar
Alle desse fellesnemnarane fann ein i dei undersøkte kyrkjelydane som opplevde vokster.
Vidare kviler NAMU på den bibelske tanke og tekst om det er Gud som gjev vokster. Altså vert kyrkjelyden berre ein tilretteleggjar for Gud og hans vokster. Akkurat som ved den fyrste pinsedagen «Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart det lagt til om lag tre tusen menneske». Ein annan tanke er heller ikkje at det heile handlar om kvantitativ vokster, men at kyrkjelyden skal jobba for kvalitativ vokster og at kvantitativ vokster vil vere eit naturleg resultat av det kvalitative arbeidet.
Som eit ledd i den vidare prosessen har soknerådet planlagt fleire kurs og samlingar for dei neste åra for å kvalitativt utvikle den einskilde bror og søster i Kristus, og kyrkjelyden som heilskap og einskap.
For å kunne gå i gang med eit slikt prosjekt har soknerådet oppretta ei prosjektgruppe som rapporterer til soknerådet. Ein føremon med å gjera det slik er at prosjektgruppa har engasjerte medlemar som brenn for prosjektet samstundes som soknerådet kan nytta tida til å arbeida med eit breitt spekter av oppgåver.
For å realisere eit slikt prosjekt er det heilt naudsynt med økonomiske midlar, arbeid, vilje, prioritering, motivasjon, støtte, retning og mål, og eit sokneråd og ei prosjektgruppe som syner styring og leiarskap.
Det er viktig å peike på at korkje sokneråd eller prosjektgruppe nokon gong har tenkt at dette skal vere ein ”quick-fix”. Soknerådet ynskjer å heller drøyme og spørje oss sjølv kvar soknerådet ynskjer at kyrkjelyden skal vere om 20 år, enn at soknerådet om 20 år ser attende og spør: ”Kvar skulle kyrkjelyden eigentleg ha vore i dag?” Dette er eit særleg langsiktig prosjekt med små skritt, men i det minste trur me at båten vår då siglar med rett kurs.
Prosjektgruppe: Åge Clausen og Roar Moen