Hamre kyrkje var soknekyrkje i mellomalderen, men òg ei av dei fire fjerdingskyrkjene i fylket. Som fjerdingskyrkje hadde ho rang og betydning ut over det ei vanleg soknekyrkje hadde, og måtte såleis svara større avgifter til paven. Den noverande kyrkja kan ikke daterast nøyaktig, men ein veit at det er den tredje kyrkja på staden. Ei innskrift på kyrkjas gamle hovuddør tyder at ho kan ha vore bygt så tidleg som i 1580-åra, som den fyrste av ein serie tømra kyrkjer i Nordhordland frå perioden 1593-1634.
Kyrkjestadens høge alder indikerer at det kan ha stått to kyrkjer på Hamre før den noverande kyrkja vart reist. Den fyrste kyrkja er det ingen synlege spor etter, men ein kyrkja står omtala i skriftlege kjelder allereie i 1024. Den andre kyrkja var ei stavkyrkje. Nokre detaljar frå denne kyrkja er bevart; a) Ein veggplanke henger i den noverande kyrkjas våpenhus, b) Eit fragment av ein annan veggplanke ligg på loftet. Fleire inventarstykker frå stavkyrkja er bevart, delvis i den noverande kyrkja, delvis på Bergen Museum.
Hamre kyrkje er ei langkyrkje i lafta tømmer. Skipet og koret har same breidd, men i langveggene i skipet er det grunne utvidingar, som gjev kyrkja ei aning av krossplan. Kyrkja ligg med koret mot søraust, og ikkje mot aust, som er den vanlegaste orienteringa. Sakristiet vart bygd i 1948-49, medan tårnet kan vere opphavleg.
Vindauga vart utvida og korskiljet ombygd i 1859, og i 1867 vart heile kyrkjerommet, bortsett frå korhimlingen, måla over. Ei attendeføring av kyrkjerommet vart starta i 1946, med konservator Ola Seter som ansvarleg for fargerestaureringa. Dekoren på korveggene er frå 1693, men bileta av apostlane vart måla opp att i 1867.
Preikestolen med himling er frå 1640. Han har utskorne bilete av Jesus og evangelistane på sidene. Altertavla frå 1652 har fleire figurar og rikt dekorerte sidefløyer, og både over og under biletfelta er det tekstfelt. Motivet i midtfeltet er Krossfestinga, og ved foten av krossen står evangelisten Johannes og Jomfru Maria. I det øvste biletfeltet er oppstoda. Døypefonten i kleberstein er frå 1200-talet, og kyrkja har òg ein skriftestol. Í kyrkja står òg eit steinaltar under det noverande altaret. Det ligg føre teikningar og finansiering for å få steinaltaret fram att.
I 2024 vert kyrkjestaden feira med 1000-årsjubileum