Lys Vaken i 2 kyrkjer


For 5.klasse/-trinn

 

Lys Vaken for 10-åringar (5.kl.) blir arrangert i to av kyrkjene våre i år; Gjerstad kyrkje og Haus kyrkje.

12.-13. november: Lys Vaken i Gjerstad kyrkje

26.-27. november: Lys Vaken i Haus kyrkje

PÅMELDING HER! 

Lys Vaken handlar ikkje om at me skal vera vakne heile natta, men at me skal vera vakne for det som skjer i oss og rundt oss. Me skal vera vakne overfor Gud, kvarandre og oss sjølve. Ikkje minst kan me oppleva at Gud er Lys Vaken for oss. På Lys Vaken førebur me oss til adventstida. Advent handlar om LYSET som kom til verda.

Program:

Kyrkjesafari m/tur i klokketårnet og andre kjekke utfordringar

Song og bevegelse

Adventsverkstad

Uteaktivitet

Kveldsmåltid (taco eller pizza)

Forteljing

Overnatting i kyrkjerommet

Frukost

Aktiv deltaking i gudstenesta søndag

 

Tilbake