Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Heilt førsteklasses for 1.kl.


Kvar torsdag kl.17-18 fram til påske i kyrkjesenteret (Lonevågen 5)

Gratis tilbod til dei som går i 1.klasse:
HEILT FØRSTEKLASSES er ein del av trusopplæringa på Osterøy. 5 torsdagar mellom vinterferien og påskeferien blir det samling. Dei fleste samlingane blir i kyrkjesenteret (Lonevågen 5). Tilbodet er ei oppfølging av 6-årsboka, som mange fekk på Ranselgudstenesta, rett etter at dei begynte på skulen. Dei som ikkje kunne delta på Ranselgudstenesta, kan få boka på HEILT FØRSTEKLASSES.
 
På kvar samling får førsteklassingane presentert ei bibelforteljing. Etter forteljing er det tid for fargelegging, lego, lystenning og samtale. Torsdag før påske blir samlinga i Gjerstad kyrkje. Då øver me på drama og lystenning til familiegudstenesta Palmesøndag. Dei som vil, får bli med opp i klokketårnet for å prøva kyrkjeklokkene denne torsdagen (10/4). 

Påmelding gjer det lettare for oss å nå ut med info. PÅMELDING HER!

  6. mars: Samling i kyrkjesenteret kl.17 - 18
13. mars: Samling i kyrkjesenteret kl.17 - 18
20. mars: Samling i kyrkjesenteret kl.17 - 18
27. mars: Samling i kyrkjesenteret kl.17 - 18
 3. april:   Samling i kyrkjesenteret kl.17 - 18
10. april:  Samling i Gjerstad kyrkje kl.17-18
 
13. april: Familiegudsteneste i Gjerstad kyrkje på Palmesøndag kl.11 - 12. 
Førsteklassingane får diplom for deltaking på HEILT FØRSTEKLASSES.
 
Me gler oss til å treffa barna!
Helsing leiarane:
Gerd Karin Njaastad og Helga Askeland Mjelstad
Tilbake