2-åringane får møta KRØLLE ein laurdag i september i Haus kyrkje kl.10-12. Dato er ikkje bestemt.
Trill & Trall er ei samling tilrettelagt for 2-åringar.
På samlinga blir me kjente med lammet, KRØLLE, som går seg vill.
Haus kyrkje: Laurdag ... september kl. 10.00-12.00
PÅMELDING KJEM HER!
Barn som blir 2 år i 2026 er velkomne til samlingsstund og graut saman med ein av dei føresette (eller ein annan vaksen) denne laurdags-formiddagen. Barna får utdelt gratis 2-årsbok på denne samlinga. Me syng og deltar i drama om Den bortkomne sauen. Invitasjon kjem i posten til medlemmer i Den norske kyrkja, men alle 2-åringar er hjarteleg velkomne! Samlinga startar i kyrkja og blir avslutta i kyrkjelydshuset.