Kode B for 5.klassingar 31.januar


Ein kjekk dag i kyrkjesenteret for 5.klassingar.

 

Kode B

Tid: Fredag 31.januar 2020 (planleggingsdag på skulane) kl.10-16

Stad: Kyrkjesenteret i Lonevåg (under biblioteket)

Dersom du blir 11 år i 2020, håpar me du har lyst å vera med på Kode B, som blir arrangert for femte gong på Osterøy. 5.klassingar på Osterøy får Det nye testamentet, Godt nytt, utdelt i kyrkja si i løpet av skuleåret. Kode B kan hjelpa deg å bli betre kjent med denne boka. På Kode B blir det song, dans, filmsnutt, leik, quiz, forteljing og servering av frukt og middag. Kr.100,- betalar ein ved inngangen eller ved VIPPS. Du må ha med deg skikkeleg yttertøy til uteaktivitet. Håpar å få møta deg i kyrkjesenteret 31.januar!

Utdeling av Det nye testamentet, Godt nytt: I Haus-, Hamre og Gjerstad kyrkje var utdeling av Godt nytt på Lys Vaken før jul. Dei som ikkje har fått Godt nytt, kan få boka denne dagen.

PÅMELDING HER!

Tilbake