Osterøy sokneråd > Om oss > Påmeldinger > Dåp


Velkommen til dåp


Gratulerer med barnet. Vi gler oss saman med dykk og inviterer til dåp i Den norske kyrkja.
Det er høve til dåp på dei fleste gudstenestene på Osterøy.
Oversikt over gudstenester kan de finne ved å starte ei dåpsregistrering. Her kan de og registrere dåp.

De vel sjølve kva kyrkje de ønskjer å ha dåp i.

I forkant av dåpen vil de bli kalla inn til dåpssamtale. Om de vil ha dåp på Osterøy, men ikkje er busette i kommunen, skal de ha dåpssamtale i den kyrkjelyden de bur, og de må ta kontakt med kyrkjekontoret der. Men det er likevel fint om de registrerer dykk hos oss.

Så er de sjølvsagt velkomne til å ta direkte kontakt med oss, om de lurer på noko. Kontaktinformasjon finn de nederst på sida.

Les meir om dåp: Kva er dåp og kvifor døype barnet?

 

 


Informasjon


Orientering om dåpen

For å starte utfyllinga, trengst eit 11-sifra fødselsnummer. Dersom de ikkje har barnet sitt fødselsnummer, kan de bruke dykkar eige. De vil få ein kode på sms for å gå vidare i prosessen.

Vel kyrkje og to datoar der det er ledig plass. I første omgang er det nok å fylle ut namn på barnet og kontaktinformasjon til foreldra. Har de endå ikkje bestemt namn på barnet, kan de likevel sende påmeldinga.

Etter at dato for dåpen er bekrefta, kan de seinare gå til "Jeg vil åpne en registrering", og oppdatere innhaldet med for eksempel fadrar. Bruk same person- og telefonnummer som ved første inn-logging.
Opplysningane som vi samlar inn i samband med dåpen, vil bli brukt i oppfølging av dåpen. Les meir om dette på våre heimesider.