Bruvik sokn


Bruvik sokn er det minste soknet på Osterøy, med sine knappe 300 medlemmar. Kyrkja ligg ved fjorden, og då denne var ferdselsåra, omfatta soknet både Vaksdal, Dale og Stamnes.

Her finn du informasjon om kyrkja, soknet og det som går føre seg her. Bruvik kyrkje blei bygd i 1867. Adressa er: Bruvikvegen 1121. Kyrkjekontoret finn du i Lonevågen 5, 5282 Lonevåg.